vintage bilde 1.png

Smakstesting av fiskekaker.

vintage bilde 2.png

Den første fiskematbutikken i Volda sentrum.

Asset 2blue vintage.jpg
 

Historia vår

I 1942 starta Olav Bjørneset (1910-1968) fiskematproduksjon i Volda. Han arbeidde som stuert, men det var lite oppdrag til sjøs i krigstid.

Olav var driftig og tok til å lage fiskekaker i lånte lokale i ein kjellar i Volda sentrum. Det var matmangel på enkelte produkt under krigen, og nysteikte fiskekaker blei godt motteke.

Det var først etter krigen bedrifta blei lønsam. I 1953 vart Volda Fiskematforretning etablert i eigenbygde lokale i Volda sentrum. Produksjonen føregjekk i kjellaren, butikkutsal på gateplan og i etasjen over var familien sin bustad. Bedrifta hadde også eigen båt som sørga for råstoff.

Neste generasjon, Ottar, tok over i 1968 då faren døde. I 1978 flytta verksemda produksjonen til nybygde lokaler i Furene. Då hadde etterspurnaden og nye marknadsområde auka såpass mykje at den var vesentlig større enn produksjonskapasiteten. Allereie i 1984 måtte fabrikken utvidast i eit byggetrinn to, for å oppnå betre flyt i produksjon og pakking. Butikkutsalet i sentrum vart nedlagt i 1986.

I 2014 hadde 3. generasjon, Hege, drive verksemda i sju år og kunne realisere byggetrinn tre, med nye flotte produksjonslokale. I tillegg blei lokala frå 1978 totalrenovert, slik ein i dag har to moderne og effektive produksjonshallar med rasjonell og fleksibel drift.

Volda Mat As har gode, lyse og trivelege lokale. Vi får stadig høyre at vi alltid har det ryddig og reint - det skulle berre mangle - vi produserer mat.