Kanapéar med fiskepudding

Tradisjonelt er kanapè ein forrett med opprinnelse frå Frankrike. Kanapé med fiskematprodukt er smaksrikt og svært dekorativt. Det høver også godt til det spanske ordet «Tapas» som betyr «å dekke over» / « dekke til» e.g. ei lita brødskive med smårettar.

Skal du servere som forrett kan du berekne 2 – 3 kanapéar per person, skal du servere som lunsj kan du berekne 4-5 per person. Under er tre ulike måtar å lage kanapear på, samt ein “mini sandwich” til eventuelle restar.

Dette treng du for alle tre variantar:

  • Brød, små skiver, valnøtt-, surdeig, eller rugbrød, fransk baguett.

  • Fiskepudding 400 gram Volda Mat

  • Grøn pesto

  • Cherrytomat (sjå oppskrift under)

  • Gul løk

  • Gulrot (sjå oppskrift under)

  • Vårløk

  • Reddik

  • Olivenolje

  • Persille

  • Sitron (saft)

  • Sjalottløk

  • Salt

  • Peppar

Fiskepudding med tomat og grøn pesto (3-5 stk.)

Skjer av endane og del fiskepuddingen i to. Skjer bort dei bua sidene på høgre og venstre side. Vend puddingen slik du har støtte for å skjere 5 stk ca 1 cm tjukke skiver a ca. 7 cm lengde. Restane av fiskepudding nyttast til mini sandwich, oppskrift under.

Skjer av toppen av ein tomat, ta ut litt av “kjøttet” og tilsett ei teskei grøn pesto. Brett fiskepudding over tomat som på bildet.

Kanapé med fiskepudding (2 stk)

Stans ut ein halv fiskepudding og del i 6 skiver til kanapé. Ta ei skive av ditt favorittbrød i same storleik som fiskepuddingskiva, legg lagvis med grøn pesto, varmebehandla cherry tomat evt. raud pesto.

Fiskepudding med gulrotpuré

Skjer ein halv fiskepudding i 3 like størrelsar frå rund form. Stans ut midten av fiskepuddingen og legg den til side. (Rest benyttast til mini sandwich). Set fiskepuddingen på fat og (1) fyll med gulrotpuré, (2) pynt med soltørka tomat, grøn pesto og vårløk.  

Mini sandwich med eventuelle restar

Lag ein marinade av olivenolje, salt, sitronsaft og peppar om ønskeleg. Del restar av fiskepudding i mindre bitar, del cherry tomat i skiver, finhakk sjalottløk og persille og mariner alt i oljeblandinga du har laga. Anrett brødet med eit lag majones. Om du steiker brødet i ei varm steikepanne med litt olje eller smør får du ei skorpe på brødet som gjer at det ikkje blir blaut.  Sjå oppskrift under for varmebehandla cherry tomatar.

Oppskrift tilbehør:

Gulrotpuré

  • 1 gulrot, 80-100 gram

  • ½ ss smør

  • 1 ss fløte

  • Salt, pepper etter smak

  1. Skrell og skjer gulrot i små bitar.

  2. Ha bitane over i en kasserolle, og tilsett så mykje vatn at det akkurat dekker gulrøttene.

  3. Kok opp og la det koke til gulrota er heilt møre, og det meste av væska har fordampa. Slå bort evt. restar av vatn.

  4. Bland gulrot med fløte og smør til glatt puré med ein stavmikser eller i ein hurtigmiksar. (Evt. mose med ein potetstapper eller bruke ein gaffel).

  5. Smak til med salt og pepper.

Bakt Cherrytomat:

  • Cherrytomat 6 stk.

  • Oliven olje

  • Tørka Timian

  • Salt og peppar.

Del 3 tomatar i 2 på langs, og 3 tomatar i 4 bitar på langs. Legg tomatane på steikebrett med bakepapir og kjøtt side opp. Dryss over med olivenolje, strø på salt, peppar og timian. Steik i ca. 10 minutt på 175 grader i varmluft. Du kan også nytte ei steikepanne til å bake Cherrytomat.

Hege Skurtveit